NEWS

This is F-35


< Back to all news

This is F-35

Business

Category: Defense / Security

3. november 2017 landa dei første norske kampflya i Noreg. F-35 fører Forsvaret inn i ei heilt ny tid og opnar eit vell av nye moglegheiter.

F-35 (Photo: Forsvaret)

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​22. september 2015 stod ​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Noregs aller første F-35 klart, og fredag 3. november 2017 landa dei tre første norske flya på norsk jord. Dette markerer starten på den største omlegginga av Forsvaret sidan 1990-talet.​

Kampfly er ein av dei viktigaste kapasitetane i ​eit moderne og effektivt forsvar.​ Flya vil sikre vår evne til å hevde Noregs suverenitet og gjer at vi kan halde enda betre kontroll med norske område på land, til havs og i lufta.​

I starten skal flya gjennom grundig testing og evaluering. Frå 2019 skal kampflya gravis overta oppgåver frå F-16, og F-35 skal vere fullt operative i 2025. Men kampflya er ikkje berre ein arvtakar for F-16, dei kan gjere mykje meir enn dagens jagarfly.

Fram til 2025 skal Noreg kjøpe inntil 52 nye kampfly. Det første flyet landar i Noreg i 2017.

52 kampfly
71,5milliardar

Kampflyprosjektet kostar 71,5 milliardar 2017-kroner. Prisen omfattar ikkje berre flya, men heile «F-35-pakka» med våpen, trening, simulatorar og anna utstyr.

Source: Forsvaret