NEWS

BASF i Brattvåg blir amerikansk


< Back to all news

BASF i Brattvåg blir amerikansk

Business

Category: Health

BASF i Brattvåg er kjøpt opp av sin største kunde. No vert den tyskeigde omega-3 produsenten av fiskeolje amerikansk.

Komande fredag klokka tolv, vert det markert ved BASF i Brattvåg at den tyskeigde omega-3 produsenten  skal over på amerikanske hender. Alle dei 47 tilsette blir med over i det som frå mandag formelt sett får namnet Marine Ingredients AS.

Meir sjølvstende

– Planen er at verksemda i Brattvåg skal halde fram som før. Vi blir mindre. Men samstundes blir vi meir sjølvstendige lokalt enn når vi er ein del av eit stort konsern som har ulike reglar for korleis prosessar skal gjennomførast, seier Sveinung Hellem, som fram til fredag er plassjef ved BASF Brattvåg. Med nye eigarar vert han dagleg leiar ved verksemda.

Det var i november i fjor at BASF og Marine Ingredients signerte avtalen om kjøp av avdelinga i Brattvåg. Marine Ingredients har vore i omega-3 bransjen sidan 1984 og er ein leiande produsent av mjukgelatin kapslar og flytande formuleringar basert på høgkvalitets omega-3.

Største kunden

– Vi er godt nøgd med resultatet, seier Hellum. – Vi har solgt omega-3 olje til Marine Ingrediens i mange år. Marine Ingrediens er vår største kunde. No blir dei vår eigar og dei brukar namnet sitt og har etablert eit eige AS for verksemda i Brattvåg. Vi leverer omega-3 olje av fiskeolje både i bruk til kapselproduksjon og i flaske til sluttbrukar i den internasjonale marknaden, seier Hellem.

Norsk majoritetseigar

Hovudeigar i Marine Ingredients er Olav Sandnes, som er opphavleg norsk.

– Forblir arbeidsplassene trygge og bedrifta blir værende i Brattvåg?

– Det er planen og forutsetninga som ligg til grunn bak avtalen. Vi vil bli eit mykje mindre selskap. Ein del av arbeidsprosessen vil bli annleis samanlikna med når en er ein del av eit stort konsern, seier Hellem.

Source: Sunnmørsposten

Published: September 25, 2022